jueves, 10 de mayo de 2012

Det er gresk for meg



Ordet idiom er gresk og tyder (significa) «noko særmerkt, (algo distintivo) noko for seg sjølv». Eit idiomatisk uttrykk er såleis ein seiemåte (manera propia) som er spesiell for eit språk, og slike vendingar kan ikkje utan vidare omsetjast ord for til andre tungemål.

Det vert t.d. meiningslaust å overføra idiomet «to bark up the wrong tree», «å gøy oppover feil tre», (ladrar al árbol equivocado) direkte til norsk. På vårt mål tyder dette kort og godt «å ta feil». I ein britisk TV-serie der fleire kjende politikarar var med, fekk me vita at statsministeren måtte «go to the country». I den norske omsetjinga stod det at han «måtte flytta på landet», men så lett kom han nok ikkje frå problema sine. Det han måtte gjera, var nemleg «å skriva ut nyval»! Så gale kan det stundom gå når ein omset eit ukjent idiom til eit anna språk.

I dag skal me ta for oss eit uttrykk som er lettare å ha med å gjera enn dei me har nemnt til no. Det finst, med små variasjonar, i nesten alle land.

Det er gresk for meg, seier me nordmenn når det er noko me ikkje skjønar. Dei engelsktalande er samde: It is all Greek to me. Går me til Frankrike, ser me at dei har skifta ut gresken med hebraisk: Pour moi c’est de l’hébreu, «for meg er det hebraisk».

I Tyskland nyttar dei fylgjande metafor for å få fram at noko er uforståeleg: Das sind böhmische Dörfer für mich, «det er bømiske landsbyar for meg». Dette uttrykket har røter i historiske og språklege tilhøve, og me må til nabolandet Tjekkia for å finna forklaringa på det.

Tyskarane skal ha hatt problem med å oppfatta namna på dei tjekkiske bygdene, og nemninga «bømiske landsbyar» har kan henda blitt til som ein spøk mellom landsmenn. Seiemåten må ha slege godt an sidan han har etablert seg som eit språkleg bilete for det som er vanskeleg å fatta.

Danskane går sine eigne vegar, og når det er noko dei ikkje forstår, hevdar dei kort og godt at det er det rene volapyk. Dette skal me forklara nærare så det ikkje vert gresk for oss, òg.

Volapyk er eit hjelpespråk som vart konstruert av den tyske presten Johann Martin Scleyer i 1879. Namnet er sett saman av vol, av engelsk world, «verd», og pük , «språk», av engelsk speak, «tale».

Det fascinerande er at hjelpespråket esperanto òg bruker volapyk, slik danskane gjer, for å finna ord for det uskjønlege. Det seier sitt om kor krevjande volapyk i si opphavlege form var. I dag er dette kunstspråket noko forenkla.

Men me skal attende til det greske. Eigentleg kjem uttrykket frå latin: Graecum est; non legitur, «det er gresk og kan ikkje lesast». I Julius Caesar bruker Shakespeare denne vendinga: «Sa Cicero noko?» spør Cassius. «Ja», svarar Casca, «han snakka gresk.» «Kva sa han, då?» Det kan ikkje Casca svara på, for, som han seier, «det var gresk for meg.»

Dette uttrykket refererer mest alltid til personlege røynsler og viser difor til eit eg. Å hevda at «noko er gresk» for andre enn ein sjølv, vil dei fleste vegra seg for.

Det vanskelegaste språket i verda finn me i Kina. Det er truleg grunnen til at kinesisk så ofte er nemnt på «det-er-gresk-for-meg»- lista. Me har t.d. registrert at franskmenn ved sida av hebraisk også bruker vendinga c‘est du chinois pour moi, «det er kinesisk for meg».

[ Publisert: 28.03.11 ]

No hay comentarios:

Publicar un comentario

Jobbintervju